tirsdag 17. juli 2012

Vikingtiden:
Kvinnfolka var like vanskelige før i tida ...
Det er Solveig Aareskjold som skriver litt om dette i Klassekampen den 01.06.12. 
Hun trekker fem en del eksempler fra sagalitteraturen til en slags trøst for de som innbiller seg at mannfolka da i hvert fall hadde det lettere på den fronten.
- Elles er det ikkje noko nytt i å bruka fortida som bilde på den ideelle tilstanden, skriver hun. I den tusen år gamle eddadiktinga klagar Gunnar Gjukeson over at han blir avvist av hustrua si, Brynhild, og argumenterer med at i gamle dagar var det ingen kvinner som vendte seg bort frå mennene sine.  Men trass i at Brynhild er like uforsonleg, og attpåtil kritiserer han for ikkje å ha så strålande auge som han ho er forelska i, endar det med at Gunnar ser det frå hennar synsstad, og forstår at ho har god grunn til å reagera som ho gjer.  I følgje islendingsogene var det ei ære for ein mann å vera gift med ei stolt kvinne, og ei skam å ikkje leva opp til hennar standard.  Då blei ho gjerna oppmuntra til å skilja seg frå han, som bondekona Vigdis i Laksdølsoga, som gjekk frå ektemaken sin fordi han ikkje var like uredd som henne når det gjeldt å gi vern til fredlause.    Og mens kvinner i vår tid er redde for å verka dominerande følgde dotter til Egil Skallagrimsson  sønene sine inn på soverommet til den mannen dei skulle hevna seg på.  For ingen visste beitre enn ho at dei trengte å skjerpa seg, skriver Aareskjold. 
- Mens den amerikanske filmindustrien stadig informerer oss om at kampvilje er noe som handlar om å ha "balls" skriver hun, reknar forteljingane frå vikingtida med at motet satt i hjartet der det delte plass med generøsitet og livsglede. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar