søndag 6. april 2014

Det første daneveldet ..
"Omkring første hundreåret e.Kr. kom ei folkegruppe frå Svartehavskysten til Sør-Skandinavia" siterer Ivar Fylling !


Hringariki

24. feb. skriver Ivar Fylling et tilsvar i Klassekampen, til et innlegg om den såkalte tusenårsnatten.  Det Fylling kommer med er mildt sagt oppsiktsvekkende.  Den norske språkforsker Håkon Melberg skrev, og utga i 1953 en 900-siders avhandling ved navn "Origin of the Scandinavian Nations and Languages".  Utgivelsen fikk gehør i København, men ble tiet i hjel i Norge.  Enten fordi man fortsatt slet med vikingtidsfobi etter krigen, eller kanskje av andre grunner.  Den er nesten glemt, hvis ikke det var for Ivar Fylling.  Fylkesarkeologen i Vest-Agder og forfatteren Frans Arne Stylegar som jevnlig fremstiller nyere forskningsresultater fra historien har derimot sitert Melberg via Fylling ganske nylig. Og det later til at de som svermer for mystiske folkevandringer til Skandinavia f.eks som nevnt i Ynglingesagaen her får argumenter det er vanskelig å komme utenom, annet enn ved fortielse.  En del av vår historie har antagelig blitt oversett i den alminnelige historieskrivningen.  Melberg drev nok ikke med noe dårligere empiri enn andre som har forsket på eldre jernalder, tvert i mot. Han gransket noen antakelser som vanligvis fortsatt blir hoppet lett over.  Jeg kopierer like gjerne inn hele den utvidete versjonen av Fyllings artikkel som han selv har gitt meg tilgang til:   


  I dagens diskusjon om fordeler og ulemper ved innvandring og framand kultur kan det vere nyttig å minne om  at
Språket vårt er resultat av innvandrarkultur.

Vårt gløymde opphav
Harald Hårfagre ikkje vart ferdig med rikssamlinga i 872. Danene heldt grepet om Vika fleire hundre år etter dette. Opphavet til daneveldet i Skandinavia har gått i gløymeboka, og det ville kanskje ha blitt verande der om ikkje språkforskaren Håkon Melberg (1911-1990) hadde avdekka det og dokumentert det grundig i ”Origin of the Scandinavian Nations and Languages”, to band med 950 sider, trykt i 1953.  Essensen er at Nordvegen, Norge, norsk, svensk, dansk, islandsk både landsnamnet, språka og nasjonalitetane, er resultat av ein daneekspansjon i Skandinavia i tidsrommet 200 – 500 e.Kr
Den første dansketida
Omkring første hundreåret e.Kr. kom det ei folkegruppe frå området nord for Svartehavet  til Sør-Skandinavia.  Den svenske arkeologen Bernhard Salin resonnerte seg til dette basert på analyse av arkeologiske funn, presentert i ”Die altgermanische Thierornamentik” (1901),  Etter nærkontakt med Romarriket rundt Svartehavet hadde dei med seg våpen- og krigsteknikk som var overlegen det som fanst på den tida i Skandinavia. Med Melbergs ord (frå engelsk, s 898): ”Danestammen svinga tentaklane mot nord før år 200, dvs frå starten på det som blir kalla romersk jernalder i skandinavisk arkeologi. Ekspansjonen nordover tiltok i styrke og omfang under styret til Halvdan Høge-og-gamle i andre halvdel av 400-talet. Det var på den tida naboane åt danene sette kursen mot Britannia, austgotane under Teodorik tok Italia og frankane strrøymde inn i Gallia. Dei etterfølgjande Skjoldungkongane følgde opp danifiseringspolitikken i Norden, til høgdepunktet vart nått mot slutten av 500-talet med etablering av eit pan-skandinavisk og baltisk rike, med herredømme over fjerne koloniar og satellittstatar. I det riket er opphavet til nasjonane Norge og Sverige: Eit dansk Stor-Sverige, med kjerneområde i Gõta-Sverige, og eit dansk Nordveg, som rakk nord til Troms. Dette var Frodefreden, verket til Skjoldungen Frode den Fredsæle og generalen og vasallkongen Erik den Ordsløge. Frodefreden tok til meir enn 50 år etter at frankane hadde fortrengt burgunderane og dei ariske visigotane frå Gallia, og nokre år etter at austgotane måtte gi tapt for den greske keisaren i Italia. Mellom dei teutonske migrasjonane mot sør og vest var den angelsaksiske mot Britannia den fekk som størst følgjer. Det er ingen tvil om realiteten, men når det gjeld rute, kronologi og karakter er  det det lite å finne, samanlikna med grunnlaget som finst for rekonstruksjon av den gløymde daneekspansjonen over den skandinaviske halvøya.” Danedominansen var sterk nok til å erstatte tidlegare språk med det som misvisande blir kalla ’urnordisk’, og som var forløparen til det som Snorre kallar ’dansk tunge’. Og den var sterk nok til at det vart utvikla eit lovsystem som vart ’mal’ for seinare svenske, norske og islandske lover, der formelen ’dansk tunge’ fungerer som eit privilegiemerke. ’Folk’ (etnos), ’stamme’ og ’nasjon’ er i Melbergs arbeid brukt om språk- , kultur- og maktstrukturar, ikkje om genetikk (rase).  Ein genetisk minoritet med makt kan forårsake omveltande endring av språket i eit område.

Den første frigjeringa
På grunn av store avstandar og dårleg kommunikasjon, kanskje særleg på grunn av manglande skrift,  smuldra daneveldet opp i smårike med lokale småkongar utover 600- og 700-talet. Denne knoppskytinga var nok enklast langt frå Sjælland, langs Nordvegen, dvs kysten  frå Spangereid, vestover og nordover, så langt som til Troms. Vika, området rundt Olslofjorden,vart lengst verande under dansk dominans, fram til Harald Hardrådes tid. Det kan synast paradoksalt at betydninga av landsnamnet er intakt i dei andre europeiske språka: Norway, Norwegen, Norvège, mens den er utviska i ’Norge’.  Det  å gløyme opphavet var kanskje bra for  nasjonsbygginga. Det som hang att i segn og soger vart ’avnasjonalisert’, og heltane fekk gudestatus, andre vart kanskje troll? Korleis kunne Skandinavia ha sett ut om danene hadde lykkast med å utvikle runeskrifta til eit kommunikasjonsverkty?

Språket er  nøkkelen
Melbergs arbeid er i hovudsak resultat av språkforskning. Arne Torp skreiv i Aftenposten 28.8.1998: ”Det som eg først og fremst synest er spennande med teorien til Melberg, er det at han gir eit enkelt og overtydande svar på noko som i mange år har stått som litt av ei gåte for meg innanfor nordisk språkvitskap. Så vidt eg kjenner til, er den vanlege læra i dag den at dei språklege forfedrane til dei folka som snakkar det vi i dag kallar nordiske språk, kom hit til Skandinavia kring 500 år f.Kr.  Dersom det er sant, og dersom dei då har budd nokolunde i fred og ro i dette området heile denne tida, så er det litt av ei gåte at det, så vidt vi veit, ikkje viser seg ein einaste dialektskilnad dei første tusen åra, medan det i dei neste fem hundre åra kjem opp ei mengd til dels svært tydelege skilnader. Dette er rett og slett så gåtefullt at det knapt kan vere sant; eitt eller anna må ha hendt. Dersom Melberg har rett, er gåta løyst: Alt som måtte ha eksistert av språk- og dialektgrenser før frodefreden på 500-talet, er rett og slett utradert, og dei nordiske skilnadene vi finn i dag, er altså yngre enn dette.”

Ein svensk språkforskar, Östen Dahl, skreiv i 2001artikkelen ”Origin of the Scandinavian Languages”, der han utan kjennskap til Melbergs arbeid kjem til ein oppsiktsvekkande lik konklusjon både med omsyn til tidsaspektet og danedominansen i utviklinga, under overskrifta ”Why do Swedes speak Danish?”

”Origin of the Scandinavian Nations and Languages”  har stått nedstøva  og ulest i biblioteksmagasin i to mannsaldrar – ufatteleg bortkasta tid for skandinavisk språk- og historieforsking. No er verket skanna av Nasjonalbiblioteket, tilgjengeleg og søkbart i bokhylla.no. Du treng ikkje vere filolog for å ha glede av det.

Ivar Fylling


Råde i Østfold.
Ivar Fylling har gjort mer enn det.  Han har også oversatt en del av Melbergs avhandling til norsk på sin Wordpress-blogg.  Se hvordan Melberg resonnerer seg frem gjennom analyser av språkets utvikling her; 

http://nordveg.wordpress.com/  

Og sett i lys av alt dette var faktisk vikingtiden en nedgangstid for den nordgermanske epoken altså.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar